Lokale råd og tiltak som gjeld i Vindafjord

Generelt:

  • Dersom du reiser med dei du bur med eller tilsvarande nære, kan du reisa til eigen fritidseigedom.
  • Dei strengaste av smitteverntiltaka gjeld uavhengig av tiltak i kommunen der fritidseigedommen er.
  • Det blir oppmoda om at alt innkjøp blir gjort i heimkommunen.
  • Det blir rådd i frå å ta imot besøk innandørs eller ha overnattingsbesøk på fritidsbustad.
  • Utandørs bør det ikkje vera meir enn 5 personar samla i gruppe. Dette gjeld ikkje personar som lever saman til vanlig.
  • Når ein er saman med andre, skal ein halda ein fysisk avstand på minst 2 meter. Det gjeld ikkje personar i same husstand.
  • Alle skal vera friske på avreisetidspunktet.
  • Dersom du er i karantene, eller ventar på testsvar, skal du ikkje dra på påskeferie, heller ikkje til eigen fritidsbustad.
  • Blir du sjuk, bør du reisa heim. Dersom du blir ringt opp og sett i karantene, bør du reisa heim.

Gjeld særleg for båthamner

  • Dei generelle reglane over, gjeld også i båthamnene.
  • I Vindafjord: Vikedal båthamn kan opna for 20 bubilar i påskeferien, med atterhald om at ein føl alle råda gjeve i nasjonal forskrift.
  • Sanitæranlegg, kjøkken og opphaldsrom skal haldast stengt.
  • Besøkande må ha tilgang til eige kjøkken og toalett.
  • Tømmefasilitetar i båthamna kan difor haldast ope, så lenge hygienereglar vert følgt opp.

Vindafjord Kommune


Vikedal Båthavn ligger i Vindafjord Kommune, nord i Rogaland. Båthavna er drifta av Vikedal Båtforening.

Vikedal Båthavn

Vikedal Båthamn har

  • 200 meter gjestebrygge med tilhørende servicebygg med toaletter, dusj og vaskemaskin.
  • 45 oppstillingsplassar for bubilar i båthavna med tømmestasjon for bubilar.
  • Straumuttak til båtar og bubilar samt trådløst nettverk.
  • Muligheter til å disponere oppholdsrom på båthuset.

Vikedal sentrum er kun 200m unna med butikkar, bank og post.